| |
| Send Lauken ein kommentar her WADI RUM I ekte beduin-ånd, pakka me ein flokk kamelar og tok turen ut i ørkenen på ein liten telttur. Sjå meir her! PETRA Bli med på roadtrip sørover i Jordan, nærmare bestemt til Petra. Sjå meir her! ERBIL Lauken kom seg endeleg til sentrum i Erbil. Det tok tid. Sjå det vesle eg fekk sett her... LIBANON For å få eit lite avbrekk, kasta eg meg på eit fly til Libanon i samband med eid al fitr, som er feiringa av at Ramadan er over. Eid al fitr betyr to ekstra fridagar :-) To dagar er ikkje all verden i Libanon, men eg fann ut at eg berre måtte gjere det beste ut av det. Bli med på ei hektisk rundreise i Libanon her. OVERGREP MOT BARN I IRAK - til ettertanke... Fram til no har lauken.no presentert fritidssyslar og anna tidtrøyte frå utlandet. Eg føler det er på tide å utdjupe litt om det eg hovudsakleg jobbar med her. Me prøvar setje fokus på grove overgrep mot barn i væpna konflikt og målet er å opprette eit system som samlar påliteleg informasjon om det barn blir utsett for i denne konteksten. I den samanhengen er me avhengige av engasjerte irakerar som har tilgang til informasjon og kjenner samfunnet. Dessverre avdekker dette arbeidet grusomhetar og eg advarar mot særs sterke bilete! Les meir her. UN COMPOUND I ERBIL Bli med ein tur inn i leiren; Lauken sin irakiske heim. Trykk her! BISHARAT GOLF Det nærmar seg avreise til Irak så då må ein nytte høvet til å kose seg litt. 20 minuttar utanfor Amman ligg Jordans einaste golfbane. Bli med på ein runde her. GAMLE AMMAN Bli med på ei vandring i den eldre delen av Amman - den delen som faktisk er noko å sjå...her. SAIT Få eit lite innblikk i ein del av sikkerhetstreninga vår før avreise til Irak her. WADI MUJIB Denne helga tok me turen til ein vidgjeten plass som kan by på fantastisk natur, djuvet Wadi Mujib.Trykk her! VEL FRAMME Då har eg landa trygt i Amman og har hatt eit par dagar på kontoret før eg no nyter ei innhaldsrik helg der eg prøvar utforske Amman og omegn. Eg har ein kjenning frå tidlegare som bur og jobbar i Amman så han har vist meg rundt. Beste plassen å starte fann me ut var Dødehavet. Trykk her!
|
|
||
|
|
| ©2006 - 2009 Lauken |